Grøne godsaker

VI DYRKAR DEN GODE SMAKEN

Mat skal smake godt, sjå godt ut – og det skal vere kjekt og meiningsfylt å dyrke han. I Storstova dyrkar vi jordbær og poteter, og har eit fargerikt mangfald av grønsaker i kjøkkenhagen. 


Landbruk med historie

Storstova ligg i grenda Valldalen, fem kilometer frå fjorden. Garden ligg i eit tidlegare klyngjetun på ein moreneterrasse frå istida. Her har folk dyrka jorda i over tusen år. Ifølgje lokale segner skal Heilag-Olav ha vore innom Storstova på ferda gjennom dalen i 1029. Han sette utskorne krossar under mønet i kvar ende av den store tømmerstova som stod i furuskogen her. 

placeholder image

strawberry 7-vector_svart Jordbær

Korleis dyrke ein sommardraum? Du må ha god jord, rett sort jordbær og ein god dose med både sol og vatn. Vi har to gode sortar som eignar seg ferske på festbordet og til kvardags i syltetøyet – som du lett lagar sjølv.

placeholder image

potato vector_svart Poteter

Ei potet er ikkje berre ei potet – det kjem an på kva du skal bruke henne til. Vi har åtte sortar poteter: tidlege, faste, mjølne og blå – og store poteter og små. Veit du ikkje kva du vil ha, finn vi det ut.

placeholder image

turnip vector Grønsaker

Gule, grøne, kvite og blå – og sunne tvers igjennom. Vi dyrkar eit mangfald av grønsaker: salatar, grønkål, beter, neper, blomkål, spisskål, mangold, gulrot, graskar, knutekål – og andre vekstar som vi har lyst til å prøve ut.

Gardsbutikken er alltid open

Maten er best når han ikkje har reist så langt – helst knasande fersk rett frå åkeren. Når nypotetene er klare og jordbæra modnar, opnar vi sesongbutikken i garasjen på tunet. Her finn du dei godsakene det er sesong for. Når hausten kjem, flyttar vi utsalet av poteter, gulrot og rotgrønsaker til kjøleromma på garden.
Vi leverer også poteter gjennom REKO-ringen i Ålesund og Reko-ringen i Sykkylven og Stranda.

placeholder image-sqplaceholder imageplaceholder imageplaceholder image-sqplaceholder image-sqplaceholder image

Fargerik kvardagsmat

Vi blir glade til sinns av å dyrke mat som lyser opp i kvardagen. Vi et jo med auga òg. Dessutan er det inspirerande å utvikle grønsakshagen i samarbeid med Juvet landskapshotell i Valldal, som haustar det dei treng, i hagen hos oss. Gode ting skjer når ein møtest til ein prat over gode råvarer. 
IMG_8361